BRASIL-PROSJEKTET
Dette er eit musikkprosjekt starta i 2012 for barn og unge som veks opp i slummen i Mogi Das Cruzes ved Sao Paulo i Brasil.
Vestnes Rotaryklubb har stått for:
- Søknad om Matching Grant, ei finansiering delt mellom Vestnes Rotaryklubb, Distrikt 2305 og Rotary Foundation
- Samarbeid med Rotary Club Mogi Das Cruzes og Dagsentret Livets Tre
- Kjøp av musikkinstrument og løn til instruktørar i to år
- Prosjektleiing ved Anton Bjørnesen.
Glade musikantar i Brasil
Det heile starta med at Elina Tomren Toivanen i 2005 presenterte arbeidet ho gjorde blant gatebarn i Brasil for Vestnes Rotaryklubb, som støtta prosjektet. Vestnes kulturskule søkte kulturmidlar og besøkte dei i Brasil med sine instruktørar.
oOo
TURSTIPROSJEKTET
I 2014 og 2015 er det bygd ny tursti frå Kråkneset til Misfjorden, og det er bygd ei ny kvilebu nær utløpet av Misfjordelva.
Vestnes Rotaryklubb har stått for:
- Initiativ og leiing saman med kommunen
- Omfattande dugnadsinnsats saman med asylmottaket
- Samarbeid med kommune, grunneigarar, maskinentreprenør og handverkarar.
Turstien og kvilebua ved Misfjord
Klubben var også sterkt medverkande til gapahuken på Kråkneset og har årleg dugnad her.