KLUBBEN / PRESIDENT


  

president 2018-19 Åsmund skålvik

 

                                                        

PRESIDENTEN PRESENTERER SEG:

   «Eg er 61 år og er relativt ny i Vestnes Rotaryklubb. Har vore medlem i tre år denne hausten. Eg er innflyttar i
    Vestnes kommune, men føler meg som Vestnesing etter å ha budd her i over 35 år.
    Eg er gift med Greta og vi bur no i Kollen. Vi har to barn og fem barnebarn.
    Yrkeslivet mitt har vore todelt. Dei første ca. 20 åra arbeidde eg på landbrukskontoret i Vestnes, i skjeringspunktet
    mellom næringsutvikling på bygdene og off. forvaltning. Dei siste snart 20 åra har eg undervist ungdom på
   Gjermundnes vgs. om dei same tema, pluss biologi. Eg er generelt interessert i det som rører seg i samfunnet, men
   spesielt i utviklinga for distrikta og ungdomen sine mulegheiter her.
   Eg er glad i å reise. Likar å oppsøke nye stader i både inn og utland. Saman med familie og vener brukar eg
   nærområda til turar gjennom heile året. Har dei siste 10 åra også vore guide for turistforeininga. Interessefelt elles
   opp mot kystkultur, og kulturminne knytt til bruk av utmarka. Har og vore tillitsvalt i arbeidstakarorganisasjonar 

   og andre frivillige organisasjonar.
   I året som kjem håper eg som president i Vestnes Rotaryklubb å få medlemmane til å føle «møtelyst». At innhaldet
   i møta, samt andre aktivitetar er av ein slik karakter at medlemmane får lyst til å ta del.
   Eg ser fram til året som kjem.» 





                    






Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Vestnes Fjordhotell
Adresse: Vestnes
Postnummer: 6390
Sted: Vestnes
Land: NO
Møtedag: Tirsdag
Møtetid: 18:30:00
Møtespråk: no

Årsmøte 2018
27. nov. 2018, 18.30

3 min.: Arve. Møteansvarlig: Presidenten.

Presidentens møte 3
4. des. 2018, 18.30

3 min.: Vigdis. Møteansvarlig: Presidenten.

Les mer



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

NORFO - Rotary RSS

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...